lørdag 26. juni 2010

Dag 4. Mandag 21.juni

Dagens etappe gjekk fra Alta til Sør- Straumen. Lengda var ca 13 mil
I Alta sentrum stoppa vi opp for å handle litt på en sportsbutikk. Her traff Lise tilfeldig Hallgeir, ein som ho og Ove var på tur med i fjor sommar. Artig!
Været bedra seg litt i dag. Vi fekk sol, og fekk sjå litt av fjella rundt Alta området.
Langs Langfjorden kom motvinden, og tempoet senka seg betrakteleg. Vi tok ein kaffipause på en kaffibar, før vi sykla vidare mot Burfjord. Her besøkte vi Trine og Trond Are. Eit vennepar av Lise. Fekk god kvelds og varmt drikke før vi starta på kveldens siste etappe mot Sør- Straumen. På toppen av ei høgd møtte vi på eit nederlands ektepar med bubil. Vi vart invitert inn på te og sjokolade. Mange vennlege folk å møte langs vegane. Ankom Sør-Straumen seint på kveld. Telta på nok ein dårleg campingplass.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar