Denne veka har Lise reist på tur saman med Ove. Det er jo fullt forståelig at han vil ha sin bedre halvdel litt for seg sjølv framover sidan eg får "låne" ho i nokre veker snart. Etter to dagar med vekt på sykkelen i helga, var det fint å ta en tur rundt Panoramavegen utan noko på. Men lenger og tyngre skal det bli....
Eg ( Hege) har endeleg fått sovepose, liggeunderlag og stol til underlaget. Vart litt bekymra pga. transportstreiken. Eg kan no puste letta ut. Prøveligging tar eg til helga i Geiranger. Da ventar Nibberittet. Vi skal slite oss fra Geiranger og opp på Dalsnibba. Eit flott ritt i spektakulær natur. Kanskje vi slår tida frå i fjor?
Ellers har eg starta med å krysse av på pakklista. Det meste av utstyret har eg heldigvis, no manglar det litt småtteri frå apoteket. Treng vel litt krem for såre stumpar i tida framover.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar