mandag 28. juni 2010

Dag 6. Onsdag 23.juni

Etter ei god natt med søvn i Lyngseidet, og frokost ( to skiver og et knekkebrød mettar ikkje svoltne sykkeljenter...., men vi er da litt høflige gjestar) tok vi fatt på dei 22 km til Svendsby og ferga over til Breivikeidet.
Tromsø var neste milepæl. Vi overnatta på enda ein shabby camping. Trur eg skal få meg jobb som campingplassinspektør heretter. Vi nordmenn burde skamme oss over å tilby en slik dårleg standar. Det var knapt nok vatn i dusjane på Tromsø camping. Etterkvar tusla vi over brua og over til Tromsø. Vi hadde nytt ærend på vinmonopolet. Trur vi kjem til å bli godt kjent med diverse pol langs kysten. Men det er ufatteleg godt å ta kvelden med eit glas raudvin.....
I Tromsø unna vi oss ein god pastamiddag. Planen for kvelden var å oppdatere bloggen vår, men eit sviktande nett på campingen sette en stoppar for det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar