mandag 28. juni 2010

Dag 7. Torsdag 24.juni

Ting tar fort tid om morgonen... vi kom oss ikkje avgårde før nærare 11.30 frå Tromsdalen. Vi tok på ny fatt over brua til Tromsø, og vidare over til Kvaløya. Endeleg hadde vi litt bedre vær. Flott natur over Kvaløya , og mot Brensholmen. Traff på nokre trivelege trønderdamer som var på tur til Sommarøy. Det var ein fantastisk natur i området, og Sommarøy såg fantastisk ut.
På fergekaia måtte vi vente 1t og 20 minutt på ferga. Da var det opp med nista og vi fekk koka oss kaffi medan vi venta. Neste etappe var heilt fantastisk!!! Senja viste seg frå si beste side. Storslåtte fjell som stupte rett i havet, holmar, skjær og kvite strender møtte oss. Dette er det ein virkelig forbinder med nord-norsk natur. Det vart vanskeleg å halde fokus på vegen med så mykje flott rundt oss.
Vi hadde valgt ei rute med ein del stigning og tunellar, men oppoverbakkane var verdt det flotte skuet.
Planen vår var å ta ferga frå Gryllefjord til Andøya, men vi må ikkje gløyme at vi befinner oss i en særdeles utkant av Norge. Fergene går ikkje ofte her nei..... Siste ferga frå Gryllefjord gjekk 19.00, og vi kom dit forfrosne og trøtte 22.45. Gryllefjord var ein noke til plass........., ikkje var der camping, så vi måtte slå opp teltet ved ei lita brygge. Trur nok mange i bygda hadde fått med seg at det var ankomt to sykkelturistar. Rånetrafikken auka på rundt teltplassen vår. Hege måtte også ut i bygda for å tigge vatn, for det fant vi heller ikkje. Nei , Gryllefjord var ikkje ein givandes plass å vere så vi var glade for å komme oss bort derfrå dagen etter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar