Var det noke vi ville rekke idag var det ferga vekk frå Gryllefjord. Ombord vart vi møtt av eit heller surt fergemannskap, og fekk småkjeft for å ha sykla inn utan å fått løyve. Syklane tjora vi godt fast på den 1 time og 40 minutt lange overfarten. Erfarte vel etterkvart at heile fergepersonale kunne fått seg eit service-kurs. Kor e det blitt av den høflege og snille Finnmarkingen? Er det fakta at folk blir surare og surare til lenger sør vi kjem? Dette skal vi finne ut meir om.
Endeleg ankom vi Andøya. Vi valgte å sykle på vestsida av øya. Utover mot Bleik var det flott natur. Vinden var også med oss idag. Vi kunne ei lita stund hive av oss tjukke kle, og endeleg sykle bare i vest. Andøya var lettsykla, og dei 6 mila til Risøyhamn gjekk radig unna.
Så kom regnet........, og då ei skikkeleg toreflo. Gjennomvåte på no time!!! Vel, vi e jo begynt å bli vandt til at det surklar i skoa og renn nedover ryggen no. Ankom Sortland klissvåte, og på ny måtte vi ta inn på ei campinghytte. Standaren her var ikkje noke bedre enn der vi har budd i før. Gammal hytte, dårleg luft, lite lys, og eit elendig sanitæranlegg seier sitt. Campinginspektøren gir det terningkast 2...
Tilbakela ca. 11 mil idag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar