onsdag 7. juli 2010

Dag 19. Tirsdag 6. juli 2010

Paracet, hostesaft og nasespray letta litt på formen. Hege vakna i forhaldsvis bra form. Hotellet låg rett ved en byggeplass i sentrum, så dagen starta kvart over 7 med risting og smelling. Da var det egentlig bare å stå opp til en god frokost. Fekk ha hotellrommet til klokka 13. Godt å sleppe å stresse seg ut til 11. Dagen gjekk med til hosting, nasespay og innkjøp av ny turmat. Venta på å få høyre frå Lise.
Ho hadde for en gangs skyld våkna tidleg( typisk når morgenfuglen Hege ikkje makka heile natta), og satte av gårde i frisk motvind atter eingong. Veien var lettsykla og fin, og trafikken vart merkbart større når ein nærma seg meir befolka strøk.

Lise haddde 9,5 mil til Molde, der Hege venta feberfri på fergeleiet til Vestnes.

Vi kom oss på Ørskogfjellet, og fant ut at det passa med å campe der. Vi hadde da to dagsetappar att. Hege fekk seg 2 ,2 gode mil denne dagen. Vel fornøgde som vanleg. Lise enda opp med 11.9 mil.

På Ørskogfjellet venta eit knotth......... Været var fuktigt og vått, og teltplassen låg midt i eit klekkeområdet. Knotten kom inn igjennom myggnettingen i teltet, og dermed inn til oss. Trass i ein iherdig knottedrapskamp var det sikkert 5000 andre knottejævlar som overlevde inne hos oss. Panisk smørring med myggmiddel forgjeves.........

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar