onsdag 7. juli 2010

Dag 20. 7.juli 2010

Knottane gjorde at Lise var tidleg våken atter ein gang. Er det ikkje Hege som makkar, så er det knotten som plagar......

Det var bare å pakke i hop det vi kunne, og suse ned mot Sjøholt. Ei mil i unnabakke gjorde at vi fekk kvitta oss med eventuelle knottevennar som hadde sugd seg fast i oss.

Vegen vidare baud på mykje, og ekstremt slitsom trafikk. Trafikken var ei sann plage langt forbi Ulsteinvik. Skulle tru vi sykla gjennom ein storby i Europa.... Lite hensyn tar dei til oss mjuke trafikkantane.
Siste fergeturen gjekk frå Årvik til Koparneset. Litt vemodig å ikkje få ete svele og drikke kaffi i særdeles svette sykkelklede på ei stund.
Mot Fiskå var det ei lettsykla mil. Her hadde vi ein stopp for å prøve å finne ein overnattingsstad. Det var ikkje flust av dei i området, så vi valgte å ta ferda vidare mot Åheim. Der avslutta vi dagens etappe med ca. 300 meter stigning opp til Kvilehytta. Har fått oss ei kjekke hytte med flott utsikt mot havet i vest. Her skal vi kvile oss i form til morgondagens sjarmøretappe til Vestkapp.

Det er forøvrig meldt liten kuling på Vestkapp i morgon, så vi får nok litt ekstra å stri med. Forhåpentlegvis ventar det oss champagne på toppen.

Dagens etappe var på 13 mil.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar